Vikebygg AS er eit tømrarfirma som held til på Voss. Me legg vekt på kvalitet frå grunn til pipe, og hjelper deg med små og store prosjekt!

Firmaet har 8 tilsette og vart etablert i 2015 av dagleg leiar Knut Vike som har over 30 års erfaring innan tømrarbransjen. Vikebygg tek på seg bygging av bustadhus og hytter, rehabilitering, garasjar med meir. Ta gjerne ein kikk i bildegalleriet der du ser glimt frå ulike oppdrag dei siste åra.

Ta kontakt om du vil ha meir informasjon om tenestene våre eller hyttetomter i tilknyting til Voss Ski- og Tursenter. 

Vikebygg AS har sentral godkjenning hjå Direktoratet for Byggkvalitet og er medlem i Boligmappa og Kvalitetskontroll.

Boligmappa.no mottar dokumentasjon direkte frå Vikebygg sine handverkarar, noko som gjev deg og bustaden eller hytta ekstra tryggleik og verdi. Det blir eit komplett servicehefte, med historikk for bustaden eller hytta.