Vikebygg AS er eit tømrarfirma som held til på Voss.
Me legg vekt på kvalitet frå grunn til pipe, og hjelper deg med små og store prosjekt!

Kontakt

Vikebygg AS
Voss handelshus
5705 VOSS
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Dagleg leiar Knut Vike
Tlf. 990 22 757
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Meir info

Om oss

Firmaet har 7 tilsette og vart etablert i 2015 av dagleg leiar Knut Vike som har over 30 års erfaring innan tømrarbransjen. Vikebygg tek på seg bygging av bustadhus og hytter, rehabilitering, garasjar med meir. Samt betongarbeid og graving.

 

Ofte stilte spørsmål

Hytte på Voss?

Voss er ein populær plass å ha hytte, og ikkje utan grunn. Kontakt oss for oversikt over kva tomter Vikebygg disponerer.

Kva er "boligmappa"?

Boligmappa.no mottar dokumentasjon direkte frå Vikebygg sine handverkarar, noko som gjev deg og bustaden eller hytta ekstra tryggleik og verdi. Du kan òg loggføra eigeninnsats og leggja inn kvitteringar, bilete og anna nyttig informasjon. Det blir eit komplett servicehefte, med historikk for bustaden eller hytta, som vil følgja objektet ved sal.

Er Sentral Godkjenning viktig for meg?

I ein bransje der det finnest useriøse aktørar, er det naturleg å leita etter seriøse firma som har sentral godkjenning. Ei slik godkjenning viser at bedrifta sin samla kompetanse og praksis er nøye gjennomgått av Direktoratet for Byggkvalitet.